Du er her: Hjem Om Torsken Sagn

Sagn

DEL:

Mannen i Ausa

Det var to brør som rodde i Gryllefjord. Dei hadde ein tredje mann med på båten, og han var blind. Ein dag fann dei eit lik i sjøen. Dei tok det i båten, la til lands og gjømte det inne i Ausa, ei fjellhole utafor været. Dei hadde hørt at fisken skulle vere svært glad i menneskekjøtt, og no var dei kvar morgon før det blei lyst oppe i Ausa og skar agn av liket. No fiska desse tre mykje betre enn dei andre båtlaga og drog båten full der andre ikkje kjende napp. Alle snakka om dette og skjønte ikkje korleis dette kunne henge saman. Ein kveld heldt brørne drikkelag i været, og den eine broren drakk då den andre til med desse orda: Drikk berre bror, mannen i ausa skal betale. Dei andre fiskarane undra seg over kva meininga kunne vere, og då kunne den blinde fortelle at brørne kvar morgon var i land eit stykke utafor været og hadde noko med seg når dei kom i båten igjen, men kva det var, kunne han ikkje vite. Noen av fiskarane for straks utover, og no kom alt for dagen. Dei to brørne blei bundne til toftene i båten og dradd opp i ei li innafor været. Der blei dei brent i sin eigen båt. Sidan vaks det ikkje gras i den lia, og ho blei derfor kalt Bleiklia, som ho også heiter den dag i dag. Fisken som dei hadde fanga, var svart som jord då dei tok han av hjellen om våren. Den som ser vel etter, vil kunne få auge på eit ansikt i berget ved sida av Ausa. Det er denne skapningen som no blir kalt ”Mannen i Ausa.

Han Adrian

Det hadde ofte dreve lik opp på Ballesvik-sanden i gamle dagar, og i mørke uverskveldar ropte det stygt der inne. Ropet tok til bortast på sanden og kom nærmare og nærmare garden og snudde så igjen. Gardsfolket kalte dette ropet for ”han Adrian”. Det er ikkje farleg, det er berre han Adrian som er ute og går”, sa dei. Dei fortalde også korleis det hadde seg at han Adrian kom til gards. Ein av dei gamle i Teistevika hadde ein dag funne noen bein i magen på ein torsk, og han såg at det var mannebein. Då han kom ned i naustet morran etter, hørte han at det peip borte i båtskotten. Han balla då inn det han hadde funne i fiskemagen og grov det ned i naustkråa. Då han seinare flytta inn til Ballesvika, grov han opp beina, tok dei med seg og grov dei ned i naustet på den nye plassen. Når gardsfolket seinare hørte rop borte på sanden, visste dei at det var ”han Adrian” som var på ferde.

Forlis i Teistevika

Det var ein gong for lenge sia at eit skip forliste i Teistevika, og det skulle endå vere ein engelskmann. Berre kapteinen og to av mannskapet var i livet etter den harde medfarta innover falla. Teistevik-karane gjekk om bord på skipet, og dei tok alt som takanes var. Fann dei så noen små tynner som var fulle av sand, trudde dei, og denne sande tømte dei i havet. Men det var gullstøv som var i desse tynnene. Då dei hadde tømt den siste tynna, sa kapteinen: ”Ja, der gjekk gullet, og no kan dokker berre slenge meg same vegen.” Då dei fekk høre at det hadde vore gull i tynnene, blei dei så sinte at dei slo i hel både kapteinen og dei to andre mennene og gravla dei borte ved noen steinar som seinare i tida blei kalt Gravsteinan. Ein gammal mann frå Teistevika fortalde at då han var småglunt, grov han og noen andre gluntar i steinhågjen der borte ved Gravsteinan, og då fann dei beina av ein mann. Seinare fekk dei ikkje lov å leike der. Det blir fortalt at desse sjømennen skulle gå igjen seinare. Det var folk som både såg og hørte dei – og i mørke haustnetter kom dei heilt opp til husa, tok i dørklinkene og ville inn, og i sjøhyre var dei alltid. Gamle Teistevik-folk kunne minnes at forfedrene deres hadde fortalt om dei små tynnene som det eingong skulle ha vore gull i.

Presten som lyste forbanning over Kjerringberget

Det ligg ein stor stein oppfor bergodden i Kjerringberget. Han heiter den dag i dag Halvtynnsteinen, og namnet fekk han fordi ein på og kring denne steinen kunne finne ei halv tynne egg. Ja, slik fortel segna. Men no verp det ingen fugl der, og grunnen til det får ein vite i denne gamle fortellinga, som enno lever på folkemunne: Ein gong i gamle dagar skulle ungdommen i Torsken ut til Berget og leite egg. Dottera til presten ville vere med, men ho fekk ikkje lov av far sin. Han ville ikkje sleppe henne ut i det farlege fjellet. Men ho lurte seg med likevel, og så datt ho ned frå ei av berghyllene og slo seg i hel. Då dei kom tilbake med henne, tok presten skyss utover, reiste seg i båten og lyste forbanning over Kjerringberget. Då flaug all fuglen bort og kom ikkje igjen.

Sjøliket på Ramnan

Ein mann på Grunnfarnes fortell: Eg rodde fiske ute i Holmen i 80 åra, og ein morra vi kom ned på berget og skulle ro, låg halvfemtertømmingen vår på botnen. Vi såg berre stamnane på han. Så auste vi båten opp, tok han på land og såg etter, men kunne ikkje finne noen lekkasje. Båten var ny og heilt tett, og vi rodde ut på fiskklakken Ramnen og tok til å drage. Best det var, fekk vi opp eit beinrangel, og det såg ut til å vere eit menneske. Høvedsmannen rista beina av, og dei sokk til botnen. Natta etter drømte han at det kom ein mann med raudt skjegg inn i bua til han og sa at han skulle ha berga det han fekk på lina i går og ikkje kasta det ut igjen. Då vi kom ut av bua og skulle ro dagen etter, var båten til vår store forundring sokken igjen, og dei tomme linstampane låg og flaut. Vi auste han opp og rodde ut til Ramnen. Ingen sa noe, men alle tenkte på det som hadde hendt dagen før. Og då vi drog lina, fekk vi atter se beinranglet. Det var ein støvel med fot i. Denne gongen tok vi vel vare på det vi fekk opp. Støvelen med beina blei seinare gravlagt på Kongsnes, og det hende ikkje noko merkelig med båten vår etter den dagen.

Han Gammel-Gabriel på Grunnfarnes

På Grunnfarnes budde det i gamle dagar ein mann som heitte Gabriel. Han hadde samla seg mykje sølv og gull og var så rik at det gjekk stort ord om det. Han åtte jekt, og borte på Hamnneset ligg mastra nedrotna. Folk sa at han Gabriel hadde ”dragdokka”. Ho trilla dit han ville, både over land og hav og drog rikdom til gards. Tradisjonen fortel at yngste dottera hans Gabriel, ho Øllegård, ville gifte seg med ein gut frå Ørja som heitte Peder. Men han var ikkje god nok til person, meinte Gabriel, og han sende dottera vekk og let ho vere borte i fem år. Men ho glømte aldri guten frå Ørja. Det skulle vere han Peder og ikkje noen annan. Men gifte seg med han fekk ho ikkje før det kom opp at ho skulle ha barn. Det blir fortalt at då Peder no kom til Gabriel og bad om dottera, skubba faren henne bort til han med desse orda: Så tar ein mannsens dotter Og leier ho til ein stodder. Der har du ho. Så blei det bryllup, men gubben sat sur og tverr i laget. Han hadde eit sølvfat framfor seg på bordet. ”Far”, sa brura. ”Det fatet har eg aldri sett før”. ”Ja, gulleban, har du ikkje sett det før, så skal du ikkje få sjå det heretter heller”. Så tok han fatet og kasta det i den botnlause tjønna som ligg attom garden.

Finnkjerringa på Botnvatna

Ei finnkjerring skulle ein gong i gamle dagar drage noe ved over Botnvatna i Veimannen. Då gjekk ho gjennom isen og blei borte. Lenge etter kunne dei høre at det ropte og jamra seg inne på vatna styggeverskveldar, serleg når vinden stod frå ein viss kant. Ein kveld noen gutar var der oppe, fann dei på at dei skulle rope og herme etter kjerringa for å skremme andre. Om natta drømte ein av gutane at kjerringa kom til han og sa at dei ikkje skulle vøre å rope etter henne, ”for då eg ropte, då var det fordi eg var i nød”, sa ho.

Kvænan

Kvænan heiter eit høgt fjell på sørsia av Sifjorden. På det fjellet er det ei rad med kvasse toppar, og det ser ut som det er kallar som sit og ror. Den største toppen er Storkvænen, og den ytste heiter Kvænstamnen. Det er framstamnen på båten. Atterstamn er det også, og i skotten sit hunden. Segna fortell at det var kvænar som hadde sett seg føre å ro Senja laus frå fastlandet, for ho var landfast før, ser du. Dei ville ha farbar sjøveg på innersia, så dei kunne sleppe å fare utfor Senjeoddan. Men då dei så vidt hadde slette ho laus, kom sola opp, og då sprakk dei og blei til stein. Kvænen med dei ymse toppane er eit viktig medfjell på Sør-Senja.